Tusen takk!!

6.mars 1997 blei Stiftelsen Organdonasjon formelt stiftet. Den tida då stiftelsen så dagens lys, skal me tru nettstaden til organisasjonen. Mi personlig meining er dette ein sak som blir svært lite snakk om, men eg kan ikkje anna takka for den åpenheten som familien Erlandsen viser. Eit tema som verdrøre mange nordmenn i dag.

Familien har fått mykje merksam då dei valde å bli organdonor. For å bli ein organdonor må du fortelja di familie om at du ønskjer å gje dine organer:

For å bli organdonor må du fortelle dine nærmeste om at du sier ja. Det er de som skal bekrefte ditt ønske til legene etter din død. Dine nærmeste kan være familie, venner, kollegaer, fastlege eller naboer. Stiftelsen Organdonasjon

Skal eg vera heilt ærleg synes eg at det er ganske tøft gjort å stå fram med ein slik sak. Du skal ha mykje mot og vera fokusert på kva ein gjere for å stå midt i ein slik avgjering. Då snakka eg om å stå fram i media.

Skjermdump: Facebook

Saka har tatt heilt av. Dei har blant anna blitt omtalt i Dagbladet, Hnytt, Se&Hør og i fleire avisar rundt om i landet. Skal eg bruka det rette ordet så ville eg sagt at familien er eit forbilde for andre som er i den same situasjonen. For det er nemlig ikkje lett å stå midt i ein slik storm når ein har mista sine næraste. I alle fall ikkje når ein har mista far sin som ein frontfigur.

Følg meg på Facebook her

Eg blei kjend med familien berre ei kort tid etter at eg fekk høyra den triste nyheita. Då jobba eg for lokalavisa i Sveio, Vestavind. Eg skulle då skriva ein artikkel om musikken til Bjørg Irene Erlandsen i ungdoms-spalta (Tittel: «Musikken gjer meg sterk»). Me møttes på kafèen i Sveio. Lenge før Deilig hadde opna dørene sine i same lokalet. Fyrste inntrykket eg fekk av Bjørg Irene var at ho var sjenert. Ho var forsiktig med kva ho sa. Med andre ord; Ho tenkte seg godt gjennom når eg stilte spørsmåla.


Det eg hugsa best er då ho sa at musikken er ein terapi. Blant anna då ho sang låten «Dance with my Father». Den blei sjølvsagt ein av mine favoritt låtar. Originalen blir sunge av den legendariske musikaren Luther Vandross. Du må berre høyra kor flott stemme Erlandsen har, sjølv om det er ein del år sidan den blei spilt inn. Ho sang denne låta inne på eit lydstudio på Karmøy.

Det er ein flott familie som er positiv innstilt og er alltid imøtekommande med eit smil. Eg veit at det er mange familiar som ikkje ønskjer å vera åpen som familien Erlandsen – Og det skjønar eg godt.

I 2001 blei Dokument 8 vedtatt. Den fortel at donorverksemda styrkes:

Det skal utdannes helsepersonell som skal ha kunnskap og kompetanse på å ta opp spørsmålet om organdonasjon med pårørende. Alle dødsfall der donasjon er mulig, skal registreres på sykehusene. Det skal også fastsettes egne satser for jobben donorsykehusene gjør i forbindelse med organdonasjon (DRG-kode). Stiftelsen Organdonasjon

Eit år seinare blei donorkortet lansert. Donorkortet skal vera ein bekreftelse på at familien er informert om at ein har sagt ja til organdonasjoner. I 2016 får Norge ein ny transplantasjonslov der samtykkealderen går ned frå 18 til 16 år.

Eg synes Stiftelsen Organdonasjon gjer eit viktig arbeid. Dei har overbevist mange at det er viktig å vera ein organdonor for at andre skal få eit verdig liv å leva.

Saka om Erlandsen har ført til at de er færre som seier nei til organdonasjon:

Det går fram av nye tall fra Oslo universitetssjukehus. 85 prosent av dei pårørande som blir spurd, samtykker til donasjon. Andelen som seier nei er på 15 prosent og er lavare enn på mange år. Listen over pasientar som ventar på ein nyre veks, mens ventelistane ellers er stabile. Oslo Universitetssjukehus, rapport

 

Så les meir om organdonasjon her