Søvn er viktig!

For at me skal kunna fungera i kvardagen må me ha ein god natt søvn. Eg veit korleis eg blir når eg ikkje får ein god natt søvn; Eg blir sur, eg klara ikkje å konsentrera meg og alt kan gå skikkeleg galt. Eg har opplevd fleire gongar når eg sit for lenge om kveldane og skal planlegga noko. Eg har vanskeligheter for å tenka. Hjernen min fungerer ikkje heilt. Men når eg får ein god natt søvn klarar eg å konsentrera og får ein betre kommunikasjon med folk.

Har du opplevd når du snakkar med folk som ikkje har sove godt? Dei klarar ikkje å følgje med på kva du seier. Du byrja å tenkja at den personen du snakkar med ikkje bryr seg om kva du seier, mens personen seier: «Eg høyrer kva du seier, men får ikkje alt med meg. Eg har dessverre ikkje sove så godt».

Følg meg på Facebook her

Professoren Robert Stickgold testet ut to personar om kven som kunne skriva fortast på tastaturet. Han lot den eine personen få sova, mens den andre måtte skriva på tastaturet utan ein god natt søvn. Det viste seg at den som fekk ein god natt søvn kunne skrive fortare enn den som ikkje fekk sova. Det er heilt fantastisk korleis hjernen våras fungera. Dette såg eg på ein dokumentar som blei sendt på NRK (Anbefales).

I dokumentaren får du også blir kjend med korleis hukommelsen til småbarn (1-3 år) fungera. Der to kvinner tester ut med ein bamse med ein bjelle i den eine handa. Barnet skal gjette kva for ei hand som har bjella i seg. Det barnet som har sove godt godt nøler ikkje med å finna ut kor bjella er, mens barnet som ikkje har sove klarar ikkje å konsentrera seg. Så kor viktig er det med søvn?

Slik ser batteriet ut når du har sove dårlig og når du har sove godt.

Det var ikkje lenge sida at det blei kjend at ein av fire ungdommar er kronisk søvnlause. Tenk deg at over 17.000 born og unge har resept på piller for at dei skal kunna sova. Det er heilt forferdeleg at ein skal vera avhengig av slike ting som piller. For meg er det trist, men kanskje det kan vera at dei har mykje å tenkja på?. Eg veit at det er fleire ting som gjer at born og unge slit med å sova. Nokre av dei har kanskje opplevd noko i kvardagen eller har noko dei har opplevd i familie-relaterte hendingar.

Eg har tatt det på alvor, og har blitt mykje flinkare. Det er heilt fantastisk å leggja seg tidleg og stå opp når fuglane kvitrar. Eg veit og har erfart at det har så mykje å seia når du skal på jobb. Det å stå opp og vera opplagte til å snakka med borna er fantastisk. Eg har erfart at det å ikkje vera opplagt til neste dag er ein uting. Då er det born som spør deg; «Du følgjer jo ikkje med Daniel» «Bryr du deg?». «Høyrde du kva eg sa, Daniel?» Du blir satt ut og du føler deg litt liten når du ikkje søve.

Men korleis skal du få ungdommar til å skjøna at ein god natt søvn er viktig? Eg har tenkt på dette spørsmålet ganske ofte. Og spør det spørsmålet om att og om att. Kanskje ein skulle hatt det i pensumet; «Kva er fordeler med søvn – Og kva er ulemper med at ein ikkje sove til rett tid»

Foto: Pixabay

Eg hugsa nokre gongar då eg kom på ungdomsskulen. Uopplagt og ganske trøyt til å gjera faget: «Æsj, matte er så vanskeleg. Eg skjønar ingenting. Eg klara ikkje dette fordi eg kjem ikkje til å bruka dette her i framtida alikavel». Eg kan stadfesta at eg har lært mykje, har lært faget betre når eg har fått ein god natt søvn.

«Og faktisk så er det søvna di som avgjera om du gjere det bra på skulen. Og deretter avgjere om kva for utdanning du tar i seinare tid – og kva for jobb du får. Søvn har makt. Det er ganske sjukt å tenkja på!»

Dårlig søvn gjer også at sansane ikkje klarar å reagerer slik som dei skal gjera. Du høyrer ikkje heilt etter kva læraren din seier og legg hovudet ditt på den eine handa. Du vil kvila og detter ut av læringa. Auga ditt blinkar mange gongar og du prøvar å halda deg vaken.

Men dårlig søvn gjer også at det blir mykje fråvær i arbeidslivet og på skulen. Me nordmenn har mest fråvær i Norden. Hadde nordmenn med sju til to-jobb lagt seg om kveldane ville me vore ein av dei beste land i verda med lavt fråvær. Tenk på da.

Følg meg på Facebook her

Auga di klarar ikkje heilt å konsentrera seg på det du skal følgja med. Du kan til og med høyra når folk snakkar at den setninga er ikkje heilt rett. Du snakkar bablete og må forklara deg fleire gongar for at vedkommande som du snakkar til skal forstå deg.

«Eg kasta bort tida ved å sitta langt ute på nettene og driva med noko heilt anna enn å sova under ein god og varme dyna – Og deretter få innhenta mykje kunnskap om faget».

Eg kan med handa på hjarta lova deg at når du har fått ein god natt søvn vil du sjå at du lærer meir. Du høyrer betre, du ser betre og du klarar faktisk å snakka betre.

Eg angra på kvifor eg ikkje sov godt då eg gjekk på ungdomsskulen. Eg kasta bort tida ved å sitta langt ute på nettene og driva med noko heilt anna enn å sova under ein god og varme dyna.

Så sov godt, men et også god mat for at du skal fungera. Det er mykje kjekkare å snakka med deg når du er opplagt.