Som journalist blei eg utestengd og fekk beskjed om å endra teksten!

Som journalist og ansvarleg redaktør i Sveiobladet skal eg forholda meg til PFU sine retningslinjer om å vera kritisk og vere nøytral i politkkens omverden. Men denne gongen har eg lyst til å overbevisa at Arbeiderpartiets politikk ikkje er overraskande. For snart to veker sidan fekk eg telefon frå politisk rådgjevar til Hadia Tajik, Edina Ringdal om at eg måtte endra teksten og overskrifta. Ho meiner at Hadia ikkje løy – Ho berre gløymte å seia «nesten» under ein debatt på TV2.

Ho var svært hyggeleg, men eg likar ikkje å bli styrt av eit parti. Sveiobladet som eg sjølv grunnla er ein partiuavhengig nettavis, og blei grunnla 12.januar, fem dagar etter angrepet mot Charlie Hebdo i Frankrike 7.januar 2015. Visjonen til avisa er å setja fokus på det som ikkje blir omtalt til dagleg. Verdi og demokrati er våre grunnleggende verdiar.

Les SMS-en som eg fekk:

Det er ikkje fyrste gong at min journalistikk fører til negativitet mellom meg og partiet. Tidlegere blei eg utestengd frå Arbeiderpartiet sine Facebook-sider då eg spurde kritiske spørsmål i forbinde med ein politisk sak. Altså dei 12.000 sjukeheimsplassane som blei til 567. Det medførte at eg blei utestengd frå Jens Stoltenberg og Arbeiderpartiet sine sider på Facebook. Uansett om eg hadde kjelder som kunne tilseia lovbrudd og løftebrudd var ikkje dette bra nok.

Men kva innebære ein god journalistikk for Arbeiderpartiet og for andre politiske partier? Skal me som journalister vera lovlydige av staten eller lovlydige av Pressens Faglige Utvalg (PFU) sine retningslinjer for god presseskikk? Når eg som journalist forholder meg til Vær-Varsom-plakaten er eg veldig rysta over korleis eg blir behandla, i alle fall når eg får til og med beskjed frå Arbeiderpartiets politiske rådgiver til Hadia Tajik, Edina Ringdal om å forholde meg til Vær-Varsom-plakaten.

Kven seier at Hadia Tajik bevisst løy? Og kven skriver at ho bevisst løy? Og kva må til for at et sosialistisk parti som Arbeiderparti blir fornøyd med journalistikken hos journalistane?

Eg berre spør! Og eg oppfordra folk til å stemma det partiet som er rett for deg! Eg er fortsatt nøytral, men denne gongen skal eg overbevisa folk at det eg seier ikkje er oppspin, men at det er basert på fakta.

Kurt Pedersen i Kystpartiet har sett at Media-Norge er ikkje så open som me skal ha det til:

– Her kan dere se AP`s styring av hva de vil Sveiobladets redaktør skal skrive. Når det for en gangs skyld finnes en åpen fri mediakanal så skal altså den «styres» , Kurt Pedersen, Facebook.

 

Nokre punkter hentet frå»PFU (Sjå lenkje)

  • 1.1. Ytringsfrihet, informasjonsfrihet og trykkefrihet er grunnelementer i et demokrati. En fri, uavhengig presse er blant de viktigste institusjoner i demokratiske samfunn.
  • 1.2. Pressen ivaretar viktige oppgaver som informasjon, debatt og samfunnskritikk. Pressen har et spesielt ansvar for at ulike syn kommer til uttrykk.
  • 1.4. Det er pressens rett å informere om det som skjer i samfunnet og avdekke kritikkverdige forhold. Det er pressens plikt å sette et kritisk søkelys på hvordan mediene selv fyller sin samfunnsrolle.
  • 1.5. Det er pressens oppgave å beskytte enkeltmennesker og grupper mot overgrep eller forsømmelser fra offentlige myndigheter og institusjoner, private foretak eller andre