Romania, mitt vakre land

Kvar gong eg høyrer «The Lonley Shepherd» av Gheorghe Zamfir blir eg stolt av heimlandet mitt, Romania. Landet som har hatt tøffe år då diktatoren Nicolae Ceausescu styrte landet. Ein tøff tid då fleire levde under eit forferdelig diktatur. Kvar morgon måtte rumenerer opp om morgon å høyre på tala på mannen som sat Romania i eit jerngrep. Eit makt som er ubeskrivelig og hvor det ble gjennomført grusomme handlingar.

Men utanom diktaturet blir eg veldig stolt av historia til landet. Eg blir til og med stolt når eg høyrer på musikken som rumenarane komponerar og spelar. Spesielt når eg høyrer «The Lonley Shepherd» av Gheorghe Zamfir. Eg har i ettertid fått kontakt med musikeren som sat Romania på kartet då han blei headhuntet av musikeren James Last til filmen «Kill Bill». Musikken «The Lonley Shepherd» er komponert av James Last, men ble spilt av Zamfir på instrumentet panfløyte.


Då eg var lita gjekk meg og familien inne på eit restaurant og traff sjølvaste Radu Simion. Han var ein god ven med den verdenskjente musikeren Zamfir. Han stilte seg opp ved oss der me sat. Rumensk middag og rumensk musikk kan ikkje bli noko betre. I dag vil jo mange påstå at «The Lonley Shepherd» er ein rumensk melodi. Det er den ikkje. Det er ein amerikansk melodi som fekk eit gjennomslag då filmen «Kill Bill: Vol.1» hadde premiere høsten 2003 og med Vol.2 våren 2004. Manuset til filmen er i seg sjølv frå 1980-talet og har tidlegare blitt innspelt.

Eg har hatt ofte kontakt med Zamfir, men eg har aldri møtt han. Eg har kun møtt Radu Simion (wikipedia), men for to år sidan fekk eg den triste beskjeden om at Simion døde etter en tids sykeleie. Då Simion levde og var i blant oss spilte han den fine melodien som Zamfir spilte. Deriblant fekk eg til og med bli kjent med Edy Mihaescu. Han er veldig kjent og har blant anna vore i Sveio heile to gongar.

Men fortsatt vil Romania vera mitt vakre land. Eg er stolt av å kunne seia at eg kjem frå landet, sjølv om eg i visse tider skjemmes av folk som reiser frå Romania til Noreg for å gjera kriminelle handlingar. Og når me fyrst snakkar om dei, så er det like tragisk at det finnes bakmenn som held dei i sjakk. Så kva som er rett og galt i denne saka vil eg helst i spekulera i.

Det er heilt utruleg, men eg blir ekstra stolt når eg får kontakt med sjølvaste Zamfir. Mannen som har solgt over 40 millioner album og har hatt ein enorm suksess. han bærer det nasjonale instrumentet, Panfløyte.

Følg meg på facebook her