Musikken som forandra alt

Eg er oppvaksen i eit kristent heim, men eg var ikkje akkurat den typen som var så begeistra for kristen musikk. Eg likte musikk som gav litt meir meining. Ein dag fann mora mi ut at me måtte reise til byen for å handle inn nye klede. I det me reiste kom ho på at me måtte kjøpe filmen. Ja, eg snakka om den legendariske filmen frå 1960-talet, «The Sound of Music». Eg hadde aldri høyrt om den filmen. Ein film som er basert på ein sann historie. Me gjekk inn på ein butikk der dei selde filmar og etterspurde filmen – og me fekk til slutt kjøpt filmen i VHS.

Etter ein lang bytur var me på vei heim for å sjå filmen som mamma hadde snakka så mykje om. Heile familie sat ned framfor TV-skjermen for å sjå filmen så me hadde kjøpt. I den tida kjøpte med VHS og VHS-spelar hadde me.

Følg Daniel på Facebook her

Mitt fyrste inntrykk då den legendariske skodespelaren Julie Andrews startet med songen «The Sound of Music» blei eg bergtatt. Musikalen gjorde noko med meg. Berre filmen i seg sjølv gav mykje, og eg blei lettare fanga med då Julie svansa framfor skjermen med hennes songstemme. Christopher Plummer som har den mannlige hovudrollen har gjort at eg har blitt meir glad i songen «Edelweiss» (Sjå videoen under). Det er jo noko med stemma hans så gjer at songen fortsatt lever.

Filmen er basert på den sanne historia familien Von Trapp, som budde i Østerrike. Maria var ein nonne som var trufast til Gud. Ho var lovlydig i klosteret der ho kom i frå. Tenk deg for ein stemme ho hadde, tenkte eg. Etter å ha sett filmen ein stund blei eg berre meir og meir revet med. Songen med dei innhaldsrike tekstane gjorde meg enda meir elska i livet.


Ein av dei finaste songane eg veit om er Edelweiss. Songen om blomen som veks opp i Alpene er berre noko av det eg høyrer til dagleg. Å tenkt visst eg ein dag kunne få sjå Edelweiss i verkelegheit. Eg veit jo at me har Edelweiss i Norge og den ligg på austlandet. Den er uttrydningstruga og det seies at det ikkje er lov å plukka dei. I følgje Wikipedia veks den ikkje vilt i Noreg anna enn på Hovedøya i Oslofjorden.

 

Ev’ry morning you greet me
Small and white
Clean and bright
You look happy to meet me
Blossom of snow may you bloom and grow
Bloom and grow forever
Edelweiss Edelweiss
Bless my homeland forever

Edelweiss Edelweiss
Ev’ry morning you greet me
Small and white
Clean and bright
You look happy to meet me
Blossom of snow may you bloom and grow
Bloom and grow forever
Edelweiss Edelweiss
Bless my homeland forever 

 

Musikken forandra alt. Eg blei så glad då eg høyrde songen at eg nesten hadde lyst til å høyre den kvar dag. Eg har aldri blitt lei av filmen og ser den støtt og stadig. Eg syng Edelweiss veldig ofte og den gir meg mykje. For det er noko med musikk som gjer at ein føle seg fri. Eg er jo typisk den personen når me kjem til musikk. Når eg fyrst har sett ein film og er slukt av musikken så må eg høyre den om att og om att. Det er meg.

Men kva er det som gjer musikken så unik? Kva er det som gjer at folk blir så lett forelska i filmen «The Sound of Music»?. Eg trur det har noko med at det er fyrst og fremst basert på ein sann historie. Ein unik historie der sju sysken av Von Trapp-familie blir passa på av ein nonne frå ein kloster. Maria som elska å syngja forandra familien totalt. Det var noko som gjorde at syskenflokken fekk mykje suksess i seinare tid.

Songar som Do-Re-Mi, Edelweiss og The Sounf of Music er berre nokre av dei me kjenner best.

Det var ikkje berre «The Sound of Music» som sørget for den gode musikkfølelsen, men «Chitty Chitty Bang Bang» og «Mary Poppins» var også ein av mine favoritter. Dick Van Dyke spilte i Mary Poppins og Chitty Chitty Bang Bang sammen med Julie Andrews. Det er jo heilt utruleg at ein kan lage slike filmar – Og i den tida. Det er jo det om er film. Eg er ikkje den personen som likar filmar som viser stygge ting som vald, skytescene også vidare. Eg likar heller filmar som er fine og fremmer den musikalske opplevinga.