Me må snakka meir om psykisk helse

Me har verdensdag for psykisk helse. Me har paraplyorganisasjonar som gjer eit godt arbeid for å gjera fleire folk merksemd om kva for førebyggande tiltak me kan bruka for å skapa ein god psyke. Men! Me er ikkje flinke nok til å snakka om psykisk helse. I alle fall ikkje godt nok. Psykiske helseteneste i Sveio og ellers i Noreg er kjempe flinke. Det er ikkje det som er problemet.

Følg meg på Facebook her

Me er i 2017 – Og me må ta det steget at me må kunna vera opne om eit så viktig tema.  Å snakka om psyken eller snakka med personar som har slike lidingar reddar faktisk liv. I dag tenkjer mange at dei vil ikkje vera opne om eit slik viktig tema. Fordi dei er redde for at arbeidsgjevaren deira skal gje dei sparken eller ikkje vil gje dei jobben. Me må ta det steget slik at folk kan innsjå at det hjelper. Det er førebyggande å snakka med personar som slit.  Om du ikkje har lyst til å snakka høgt om du slit så er jo det ein pluss, men snakk med ein person du stolar på. Eg meiner at me må bli flinkare med å seia: «Veit du kva? Eg har ikkje det heilt godt. Det går litt opp og ned veit du.».

Då kan du vera eit forbilde og seia: «Du kan snakka med meg. Eg skal ikkje seia det til nokon, og du kan stola på meg». Eg veit at det er så mange som sliter med seg sjølv. Eg veit at det er ikkje berre vaksne som sliter, men det er tross alt ungdommar som ikkje har det så godt. Difor er det viktig at dei bruke helsesyster og dei tiltaka som skulane kan tilby. Det er ein pluss dersom elevane bruka helsesyster. Det er førebyggande.

Foto: Magnus Westerlund

Vaksne må vera eit eksempel ved  å ta det steget at ein prat kan hjelpa. Om du sliter med tankar så må du seia i frå. ikkje hald det for deg sjølv. Du er tross alt eit menneske som har eit liv framfor deg. Og det er betre å ha eit godt liv i ettertid enn å la dei mørke tankane henge over seg i lange periodar.

Grunnen til at eg ønskjer å ta opp dette temaet er fordi eg har møtt mange ungdommar som seiar sjølv at dei ikkje har det godt. Det gjer vondt, men ein treng berre å vera positiv og tilgjengelig når folk føler dei har eit behov for ein prat.

Eg traff ei ung fantastisk kvinne. Eg har aldri truffet ei så smilande kvinne før, men ho var veldig open for ein uformell prat og når som helst. Ho fortalde meg at hennar mor valde å gjera det slutt på grunn av hennar lidingar. I dag er ho veldig aktiv med å snakka med ungdommar og vaksne som sliter. Ho valde å ta utdanninga innan dette temaet og seiar sjølv at det er ein utdanning ho aldri angra på.

Eg oppfordra foreldra til å snakka med sine born – Og dersom ikkje borna vil snakka med foreldra sine, så er det viktig at born og ungdom snakkar med ein vaksen som dei kan stola på. Om det er ein lærar, helsesyster, tante/onklar, sysken, vener eller andre.

Eg er ikkje redd for å ta opp dette viktige temaet. Visst det er det at ein arbeidsgjevar ikkje vil gje meg jobben på grunn av dette så må eg bare tilføya at då har ho/han mista eit menneskje som bryr seg. Det er trist at me ikkje er så flinke nok. Me må bli flinkare. Spesielt når eg sjølv er utdanna barne- og ungdomsarbeidar og blir opplært at me skal sjå alle born, så bør me i alle fall ha eit ansvar å sjå alle og ta ein prat. Eg veit at det mange som har behov.

Følg meg på Facebook her

Eg er ein person som snakkar med mange ungdommar og vaksne i kvardagen. Du er hjerteleg velkommen for ein kaffe, om det er heime hos meg eller på eit restaurant. Me skal ha det så gøy at det er ein dag du aldri gløymer.

Du kan besøke Psykisk helseteneste i Sveio eller lesa meir om Psykisk helse.