Endeleg blei mannen fri frå toalettet!

Har du nokon gong opplevd at du skal på toalettet og gjera ditt fornøgde, men i ferd med å gjera seg ferdig legg du merke til at det ikkje er meir dasspapir igjen? Eg har aldri opplevd det, men eg var besøk hos ein venn som opplevde det. Det var ein fredags ettermiddag at eg blei invitert til middag hos ein venn av meg i Haugesund. Så kjekt. Endeleg noko eg kan nytta tida til, tenkte eg. Eg kom jo sjølvsagt til byen litt tidlegare enn den tida me hadde avtalt.

Følg meg på facebook her

Heilt greit tenke eg, og tok fram kamera mitt. Eg nytta den tida eg hadde igjen til å ta nokon nye illustrasjonsbilete til avisa. Tida gjekk og eg såg at eg hadde fått mykje bilete på minnekortet.

Då tida var der kom eg inntil han. Ein verkeleg hyggeleg fyr som eg alltid har likt. Veldig positiv og open for nye idear. Han er jo tross alt veldig dyktig og gav meg gode råd om korleis eg skulle gå fram med avisa. Hans ønskje er jo at eg skal lykkas. Det var han veldig bestemt på.

Foto: Pixabay

Me har vore venner ein del år og han har alltid hatt sansen for arbeidet mitt. Han er veldig flink med marknadsføring og veit kva som er best for avisa mi. Det er jo alltid kjekt å høyra. Ja, og når eg tenkjer på marknadsføring så treng eg folk som kan forklare og visa meg kva som er rett. Det er ikkje alltid eg gjer ting rett. Det kan eg godt innsjå. Slik som ein russisk forretningsmann sa det: «Eg lykkas om dagen og feila om kveldane».

Me sat oss i sofaen. Etter ein stund me hadde fått summa oss mellom himmel og jord, kom sambuaren hans og sa i frå at middagen var dekket. Me sat oss ned kvar sin stol og fortsatte med å preika. Me snakka så mykje at det var nesten som å tru at me ikkje hadde sett kvarandre på årevis. Sjølv om me såg kvarandre 2-3 gongar i veka. Eg synes mest synd på sambuaren som sat der som ein nikkedokke og gjentok dei same orda fleire gongar: «Ja, ikkje sant» eller «akkurat ja». Det var einaste det eg høyrde frå ho.

Plutseleg kom eg med eit avbrytande spørsmål som ho kunne svar på. Det er jo litt vondt å sjå at ein føle seg litt utanfor fellesskapet med å høyra kva mannfolka har å seia. «Så du likar deg i den nye jobben?», spurde eg forsiktig. Og ja, veldig kjekt. Kjekke kollegaer og fint miljø, fortalde ho meg. Ho var raus når ho svarte.

Foto: Pixabay

Eg kjende at det var på tide å ruga litt på toalettskåla. Eg gjekk på toalettet for å gjera mitt fornøgde. Då eg var ferdig hadde eg brukt opp alt dasspapiret. Eg tenkte som så at dei veit jo sjølv kor toalettpapiret ligge. Eg er jo berre gjest så eg slepp å tenkja på da. Eg kom ned og han hadde skrudd på musikken. Det var forskjellige songar, alt frå Jim Reeves til Elvis Presley. The Beatles blei også spelt. Slik musikk elskar eg. Han skrudde høgare opp. Heilt me ikkje kunna høyra kvarandre.

Følg meg på facebook her

Plutseleg forsvann ut av synet. Sambuaren held på å rydda etter middagen og sat i oppvaskmaskina. No spelte Johnny Cash med songen «Sunday Morning Coming Down».  Det vibrerte i veggane og bileta på veggen sto å dirra. Det var så høg musikk at eg måtte nesten sitja meg ned. Er dette heilt vanleg?, spurde eg forsiktig. Hos oss høyrer du berre kun artistar frå 60-talet ellers er det rett ut, sa ho bestemt. «jaha, er det såpass?», spurde eg.

Det hadde gått 40 minuttar sidan eg såg han sist. Sambuaren lurte på kor han blei av. Det gjorde eg òg sjølvsagt, men me mannfolk blir jo aldri så engsteleg så damene blir. Plutseleg kom eg på tanken at det ikkje var meir dasspapir. Nei, dette burde eg fortald til ho om. Då blei eg engsteleg. Då sambuaren skrudde ned forsiktig musikken fekk me høyra rop: «Eeeeeg treng dasspapir!!!»

Foto: Pixabay

Akkurat i det ringde naboen på døra og sa at dei høyrde ein mann som ropte frå andre etasje. Naboen hadde visst høyrd han fleire gongar. Det er jo ikkje ein kvardagskost at naboen kjem på døra for å informera husstanden om at det er ein mann som sit i andre etasje for å skrika etter dasspapir. Sambuaren blei heilt flau, men prøvde å ro til lands med ein litt uvanleg kommentar: «Han berre øve nokre replikkar til eit teaterstykke». Eg fann ut av at det var best at eg skrudde opp musikken. Det var for sambuaren si skyld. Slapp me å høyra på skriket.

Naboen insisterte at dei kunne få dasspapir, men sambuaren sa at dei hadde full av skapet av dasspapir. Ho takka fint nei, og gjekk opp til han som hadde ruga doskåla i meir enn ein time.

Sambuaren beklaga seg så mykje at han ikkje blei høyrd. Jo, han innsåg jo at den musikken trengte ikkje å vera så høg, men ho fann ikkje dasspapir og såg gjennom alle skap i huset. Inn til ho kom ned til meg og spurde om eg kunne gå til naboen for å spør etter dasspapir.

Så da gjekk eg til naboen og spurde om dei hadde dasspapir. Hyggelege naboar som kunne låne frå seg dasspapir. Eg takka så mykje og me fekk endeleg fri mannen som hadde ruga doskåla i meir enn ein time.

No har me lært at musikk og utan toalettpapir ikkje henge saman. Og spesielt når du ikkje seie i frå kor du skal når musikken står på full styrke.

Følg meg på facebook her