Du skal vera tolmodig når du går med ei høna i band

Spør du meg om eg har gått med ei høna i band? Då svarar eg alltid: «Ja, og det er eit bevis på at eg er tolmodig», men spør du meg om eg kjem til å gjera det igjen, så er eg nokså ærlege på da: «NEI!»

Det er ikkje noko å spekulera på da. Skal me samanlikna ei høna og ein hund så er hunden raskare på fots enn ei høna er. Det trur eg alle er einige om, men aldri meir. Å gå med ei høna i band er som å gå tur med ein ting som ikkje kan røra på seg. Du må faktisk dra litt i bandet for å få høna med deg. Men eg skal vera så glad at dette var noko eg gjorde i 2005. Eg var ein liten skittunge som ikkje hadde greia på noko. I heimbygda, Auklandshamn var det mange som visste kven eg var, og når nokon såg dette gjekk rykta raskare enn toget. Då eg kom heim etter å ha vore ute nokre timar med høna spurde far min: «Korleis var turen i dag?». Då svarar eg: «Det gjekk litt saktare enn det eg hadde sett for meg, men eg var sikker på at eg skulle komma meg heim før neste morgon». «Ja, du var heldige då, Daniel», sa far min og såg på meg med store blikk: «Skal du på ein tur til i morgon?». Eg var jo sjølvsagt fast bestemt på kva svar eg skulle servera han: «NEI!!!». Då var eg så utolmodig og trøytt at eg visste ikkje kva eg skulle gjera av meg, men eg kunne jo sjølvsagt løfta høna og gå heimover med dei små stega mine. Eg skyldar heller på at eg var liten skittunge som ikkje brukte verken hender eller hjernen. Cellene mine i hovudet var då godt oppbrukte for å seia da mildt.

Følg meg for meir galskap!

Men eg er ein typisk person som skal gjera ting så høgtidleg. Eg har alltid vore ein person med mykje galskap, sjølv om det er mange folk som har formeiningar om da. Eg tenkjer det er kjempe flott at folk har ulike meiningar om meg. Eg synes det er artig at eit så lite samfunn kan vera så kjappe med å informera heile bygda på nokre minuttar. Eg må jo le, men eg burde jo kanskje ikkje gjera så stort ut av det. I bunn og grunn var målet å gå ein fredelig tur med ei høna i band. That’s it! Typisk folk som tenkjer at det er meir normalt at hundane skal få nyta det friske veret og gå å daffa med rumpa opp i luktå – Og ikkje høna?. I ettertid må eg jo berre innsjå det at det er meir normalt å gå på tur med ein hund i band enn ei høna.

Ulemper med ei høna i band:

  • Det tar for mykje tid
  • Folk trur du har sove lite eller om du ser forskjell mellom ein hund og ei høna
  • Folk meiner at du må gå til optikaren for å bytta ut brilleglaset. (MINUS/PLUSS)
  • Og ikkje minst: HØNA KAN STIKKA AV!

Difor kan eg med hjarta på rette staden seia at band ikkje tilhøyre dyr.