– Det er stygt å seia «Sofaen»

Då eg var lita blei eg fortald at det å seia «Sofaen» er eit stygt ord. Stygt ord tenkte eg. Eg har aldri høyrd at det er ein form for bannord eller eit ord som kan vera sårande. Eg sa det ordet til meg sjølv fleire hundre gongar. Nei, dette kan jo ikkje vera stygt.

Det er jo heilt vanleg å gå til ein interiør-butikk og spør om den sofaen er mjuk eller god nok til å sitja seg ned i.

Det var ein oppmoding frå ein i familien som meinte at eg måtte ta meg ein tur innom ein interiør-butikk og seia at dei ikkje må snakka stygt. Eg er heilt einig med familien min. Eg vil jo at dei vaksne skal vera eit godt førebilete for kundane. Eg sa til dei tilsette at dei må bytta ut ordet «Sofaen» med «Benk». Dei såg berre rart på meg:

«Me sel ikkje benk, kun sofa!», sa dei avsluttande.

No veit eg kva dei tilsette ved ein interiørbutikk seier når dei blir sinte. Dei seier «SOFAAAEN! Difor seier eg aldri sofaen når eg er hos folk. Eg besøkte bestemor for ein stund sidan og gratulerte ho med ein ny stovebenk.

«Ja, no har du lært å snakka fint, Daniel», sa ho og takka for da!

Følg meg på Facebook for meir galskap!